Prest med ei værbitt tru på Gud

– Eg har erfart at Gud er til å stole på same kva ein møter i livet, seier Kirsti Evensen Bjåstad (54). Som prest på Sula vil ho at alle skal kjenne seg heime i kyrkja same korleis livet er.

Nærleiken til havet på Sula er noko av det Kirsti setter stor pris på.

– Eg har dyrekjøpte erfaringar, men det har gitt meg realkompetanse til arbeidet som prest i tillegg til den faglege utdanninga, seier Kirsti E. Bjåstad. Ho sit i ein av fire burgunder skinnstolar på kontoret sitt. Stolane vert vanlegvis brukt når det er samtalar i samanheng med dåp eller gravferd. No er det Kirsti sjølv som fortel om hennar veg til yrket som prest.

Kirsti vaks opp i Vesterålen som nummer fire av i alt ni barn. Det førte til at ho tidleg lærte å samarbeide med andre og trivst godt med det. Familien var ein del av bedehusmiljøet og oppveksten var trygg og god med foreldre som brydde seg, fortel ho. – Vi er en samansveisa familie i dag også.

I ungdomsmiljøet på bedehuset skjedde det derimot noko som ikkje skulle skje. Ein song- og musikkarbeider som var leiar for fleire kor for barn og unge stod bak overgrep mot fleire ungdommar. Dette rokka ved kjensla av tryggleik, men på sikt har det ført til større forståing og medkjensle for menneske som kjempar med vonde ting i livet.

 

Trivst i ruskevêr

– Eg vurderte om eg skulle studere teologi og bli prest, men utdanna meg som kateket ved Høgskulen i Volda, seier Kirsti. Der møtte ho Odd Bjåstad frå Hareid, som ho gifta seg med. Begge fekk jobb i Trøndelag etter at dei var ferdig utdanna. I løpet av ni år i Trøndelag fekk dei tre barn, to jenter og en gut. Deretter vart det flytting nordover til Lofoten og gjensynsglede over å ha fjella, sjølufta og stormane tett på igjen. Etter 19 år vart det flytting igjen.

– Eg likar å gå i motvind og kjenne at vinden gir fysisk motstand. Vi vart åtvara om at huset vi kjøpte på Fiskarstranda ligg utsett til for vinden, men det synes eg berre er fint. Eg søv veldig godt når det er storm og vinden ristar i huset, seier Kirsti og ler.

I Lofoten jobba Kirsti som kateket og treivst godt med det. Etter nokre år fekk ho utfordringar med helsa som til slutt førte til at ho måtte bruke rullestol.

– Det er tøft å vere langtidssjuk, ein kan miste trua på seg sjølv i eit samfunn der ein heile tida møter krav om å vere effektiv. Ein kan vere ressurssterk, men møte sorg, kriser og sjukdom i livet som gjer at ein ikkje klarar å møte desse krava. Det kan gjere noko med sjølvbiletet, seier ho og legg vekt på kor viktig det er å ta vare på menneske i ein slik situasjon.

 

 

Vart prest – til slutt

Framtida såg mørk ut med tanke på helsa. Plutseleg snudde alt når legane endeleg fann ut kva som var gale og ho fekk rett hjelp. – Eg opplevde ei enorm glede over å bli frisk, fortel ho og smiler bredt mens ho skildrar gleda over å gå på fjellturar igjen. Då ho kunne byrje med å jobbe var stillinga som kateket opptatt på grunn av den langvarige sjukmeldinga. Dermed fekk ho spørsmål om å vere prestevikar. – Då var det gjort, seier Kirsti og smiler lurt.

– Eg har heile livet hatt eit kall om å forkynne. Som prest fekk eg utløp for dette. I tillegg kjende eg at livserfaringane har utrusta meg til å møte menneske i sorg. Det handlar om å tørre å møte andre menneske si sorg og smerte og det er ein meiningsfull del av jobben.

Kirsti vidareutdanna seg og vart ordinert til prest 21.oktober 2018 i Langevåg kyrkje. Då ho skulle søke jobb var det ikkje ledige prestestillingar i nærleiken. Dei måtte uansett flytte på seg og valet fall på Sunnmøre sidan svigermora på Hareid også hadde behov for å ha nokon av borna nærare. Ved tilsetjing vart 15 prosent av stillinga i Sula sokn lagt til Spjelkavik av økonomiske grunnar. I Spjelkavik jobbar Kirsti med konfirmantarbeid og enkelte gravferder. Men det er på Sula ho har kontor og førebur seg til gudstenester, vigsel og gravferder.

 

Gud som blør – og lækjer

I løpet av studietida brukte ho tid på krevjande tema og skreiv fordjupingsoppgåve om sjelesorg for overgrepsutsette. I tillegg hadde ho praksis ved Kirkens ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep.

– Eg har ei tru der det er lov til å klage til Gud og «kreve svar». Gud er som ein god far eller mor, som ønskjer at vi skal fortelle korleis vi har det. Det ser vi når vi les Jobs bok og Klagesongane i Bibelen. Elles famnar salmane i Bibelen livet på det tyngste og det finaste, seier Kirsti.

– No gleder eg meg til å ta delta i andre si glede i vigsel utover våren og sommaren. Eg ser også fram til å nyte naturen på små og store turar. Naturen minner meg om Nord-Norge og der setter vi også stor pris på dei nydelege dagane med fint vêr.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"